fredag 9. oktober 2009

Hypertekst

Hypertekst dukkar opp i dei fleste samanhengar der det er snakk om digitale media. Tekstar inneheld funksjonar som vert knytta til hypertekst og gjer det enkelt å navigere til sider med utfyllande informasjon, såkalla nodar (har eg forstått rett eller er det stadig blåbærsesong?). Ein hypertekst kan gje generell informasjon og mogelegheit til fordjupning alt etter kva lenkjer lesaren nyttar seg av http://infodesign.no/artikler/hypertekst.htm.

For elevar (og andre) kan dette vere ein måte å skumlese, få med litt om mykje. Så kan ein stille spørsmål om kva nytte elevane får av hypertekstar. Ein skjønnar fort at det er lett å gå seg vill, og ende opp med informasjon som er av mindre betyding for det aktuelle temaet ein arbeider med, og som lærar sukkar ein gjerne og tenkjer på den tapte tida og at ein er like langt – tilbake til boka. Ein føresetnad for god hypertekst er difor at ”nodane” er eit viktig supplement til teksten når det gjeld informasjonsinnhaldet.

Men eg ser at elevar gler seg over mogelegheitene det gjev, dei skummar og ”lenkjer” seg vidare i teksten, dei plukkar og undrar, kjem med nye idear og innfallsvinklar. Det skjer noko, noko meir levande enn fakta frå ”tørre fagbøker”, der orda står fast i år etter år (og reform etter reform). I dag trengst det ”fart i framgangen”, elevar er vane med ein travel kvardag og at ting er i hurtig endring, dette speglar nok også litt av problematikken rundt tradisjonell undervisning, dei vert ofte passive ”tilhøyrarar”. Ved hjelp av digitale verktøy meiner eg dei vert meir aktive i læringsprosessen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar