søndag 25. april 2010

Digital arena


Skilnad eller før og no?


For ikkje mange år (ca 25?) sidan sat min no godt vaksne nevø med ein koloss av ei datamaskin framfor seg, han strålte frå øyre til øyre! Dette var sakene sine, så lett alt skulle bli no, du! Han lurte lenge på korleis han best kunne nyttiggjere seg dette vidunderet. Kva kunne ho brukast til, maskina? Ja, han kunne no skrive lekser der, men dei måtte han for så vidt skrive for hand inn i skrivebøker etterpå, så det vart litt dobbeltarbeid. Men han var ikkje rådlaus, han fann svar; løysing på heile familien sitt svære arbeid med å skrive handlelister! Dette var hans og mitt første møte med ”data-alderen”. Så eg seier med Alf Prøysen : ”det var før det, å itte nå!”.

Frå den gong til no har prosessen for så vidt gått fort, frå ei forsiktig tilnærming i skulen til krav i læreplanen om digital kompetanse.

Sjølv fekk eg god kjennskap til dette verktøyet gjennom studiet på lærarutdanninga. Stolt arbeidde eg meg gjennom oppgåver der mange leksjonar var henta frå nett, leveringar, kommentarar og samarbeid var alt nettbaserte. Eg synest eg var nokolunde dugande og digitalt kompetent! Men så starta eg på DKL dette undervisningsåret…

Det har vore svært lærerikt, det har vore svært strevsomt, det har skapt frustrasjon og det har skapt glede over ny kunnskap! Men mest av alt har det lært meg at det meste av læringa ligg framfor meg! Det handlar om å våge, laste ned, prøve ut og overføre til undervisning og elevar! Spennande!

Frå arbeid med elevar ser eg at dei er ivrige når ein kan jobbe digitalt. Det gir ein ekstra glød i arbeidsøktene og varierande arbeidsformer er absolutt ”in”. Dei kan så mykje, dei vågar alt og har slett ikkje ordtørke med tastaturet slik som med blyant og papir. Det skjønnar eg godt, den gamle ”rettetasten” har verkeleg kome til sin rett! Dei kan samskrive, dei hentar stoff, dei legg inn bilde og dei klypper og limer. Dei treng rettleiing i bruk av digitale verktøy med tanke på å kunne forhalde seg kritisk til søkjing, og til å kunne nyttiggjere seg informasjon og gjere han til sitt eige. Det er eit ansvar me lærarar må ha kompetanse til å lære dei, det må øvast opp frå dei yngste klassestega.

Informasjonskompetanse

Informasjon og Netvibes


Informasjon – jadå. Nav – tja, trur det. RSS – nei, inga aning! Har då sett desse bokstavane fleire stadar, men tenkt som så at det får dei forhalde seg til dei som kan. Men no er situasjonen endra: Så endeleg har eg fått ei viss forståing av kva RSS står for! Rich Site Summary! Å kunne tileigna seg fortløpande oppdatert informasjon er nyttig for både elevar og lærarar. Ahh… det er det det er, ja! Supert!

Gjennom arbeid med M3 ser eg verkeleg nytteverdien av informasjonsnavet Netvibes, der kan ein la elevar navigere seg gjennom sider ein har klargjort i emne det vert arbeidd med. Ei elev- og lærarstyrt søking på nett etter passande stoff.



Å finne informasjon på nett er både lett og vanskeleg; det er enkelt når ein får seriøse treff , men det kan vere like enkelt å gå seg vill gjennom useriøse sider. Det handlar mykje om å rettleie elevar i gang med gode søkjestrategiar, og gjennom guiding gje dei forståing av korleis dei kan opparbeide seg ei kritisk haldning til det dei finn. I eit informasjonsnav som Netvibes kan ein samle informasjon og gjennom ulike lenkjer gjere søkjeprosessen mykje enklare.

Dette var ein svært lærerik og nyttig leksjon, arbeidet med mappeoppgåva gav innsikt i bruk av Netvibes og oppgåvelyden gjorde at ein kan sjå korleis ein kan setje dette ut i praksis!

Ad tilpassa opplæring

Legg lenkje til kommentar på Ragnhild sine refleksjonar omkring tilpassa opplæring


Samansette tekstar

Samansette tekstar

Å arbeide med tekst er ikkje lenger berre å skrive ord på ord. Mogelegheita for å utvide tekstomgrepet til enkelt å kombinere bilde og lyd vert meir og meir tydeleg og meir og meir aktuelt. Læreplanen LK06 gir klare føringar; som kunnskapsmål. Elevar gir klare uttrykk for ynskje om korleis ei inspirerande undervisning gir meirverdi i læringa; digitale verktøy som ny pedagogisk arbeidsmåte.

Gjennom eksempelvis Google dokumenter kan elevar samarbeide om tekst i samtid så lenge ”skrivarane” er på nett. Dette fører til ein kollektiv skriveprosess, der ein kan kommentere og respondere undervegs i skrivinga. Her ligg det stor læring, trur eg, det vert viktig å produsere eit produkt som gir meining for medelevar og endre.


Innhald i tekst og rettskriving vert viktige faktorar. Det finns oppgåver for ”alle”, kvar kan verte meister på eit felt gjennom tekst, bilde og lenkjer, og ein kan publisere teksten på Internett. Dette kan gje elevane større motivasjon å skrive med og for jamaldrande mottakarar enn for eksempelvis lærar. Eit flott verktøy som sjølv lærarar med variable digitale kunnskapar kan ta i bruk.

Sosweb

Sos Web

Som ein aldri så lite flau brukar av nettstaden Facebook, kjem denne leksjonen med godt nytt! Eg er heller ein ”nyfrelst” brukar, men har sett nytteverdien i dette forumet i form av det å halde kontakt med venner, familie og til dels ”tidtrøyte”.


Såg lenge ikkje verdi eller nytte av å vere medlem, men då eine ”ungdomen” min la ut på langtur og var utan mobildekning over lengre tid, var dette ei soleklar løysing for å halde kontakt! Han la ut reisebrev som var lystig skildra og med bilder som underbygde inntrykk og opplevingar! Han held oss oppdatert med info om kor han var til ei kvar tid, korleis han hadde det og når me kunne vente neste ”leksjon”. Og me kunne til tider avtale chatte-tid, supert! Sjølvsagt kunne me halde kontakt via andre sosiale nettstadar, men denne funka svært bra for oss og det gav andre ”interesserte” ei viss innsikt i reisedokumentet hans også, altså fleirbruksvennleg.

Sosiale nettstadar har det til felles at dei har overtatt mykje av kontakten med venner og kjente. Det er lett å møtast, det er uforpliktande, ein kan chatte, lenke, reflektere og dele.

Skype nyttar me i studiet som gruppeforum, me møtest tilfeldig eller til avtala tider. Drøftar og deler. Den har kome til god nytte i studiet. Msn har vore mykje i bruk i min heim, men etter Facebook er det helst liten aktivitet der.


Det seier seg sjølv at ein ikkje kan vere aktiv på ”alle” frontar. Sjølv om tilgang og bruk av sosiale web er ein fin måte å sosialisere seg, så må ein også ha tid til personleg kontakt med familie og venner, ansikt til ansikt.

lørdag 28. november 2009

Digital plattform

Med tanke på eiga utvikling når det gjeld bruk av data som verktøy, så har eg kome frå nullstilling og i alle fall opp i kneståande dei siste åra. Det var med skrekkblanda fryd den første laptopen kom hendene; tida for spel og kabal var over. No skulle ho brukast, maskina! Gjennom studiar vart det tvingande nødvendig å hente leksjonar, levere oppgåver, skrive innlegg, sende og motta e-post, lagre og lage eit utal av mapper, halde kontakt med medstudentar og lærarar…, og ikkje minst forstå korleis ein kunne dra full nytte av tilhøyrande læringsplattform.

Det var spennande tider, læringa kom i mange former og plutseleg var skrekken gått over til automatiserte handlingar. Men ..framleis manglar den tekniske innsikta; korleis, kvifor og kor i all verda ligg fila eg lasta… doc, pdf, mp3 eller wmv?! Og kva med virus, kva kan/bør opnast og ikkje, ”blåskjerm” er nok alle studentars skrekk – arbeid kan bli tapt for oss vanlege brukarar, utan dei tekniske ferdigheitene for gjenoppretting. Noko som fører meg til tanken på at eg NO skal ta ein backup av dei siste månaders arbeid; ikkje lenger kopiere til cd, men til ekstern harddisk som er vorte fast fylgje. Denne så klart for å utvide kapasiteten og fordi det ”ligg i tida” som ein nødvendigheit for drevne brukarar av den digitale plattforma?

Bilde

Bilde
Med smil les eg leksjonen om bilde! Her er mykje som eg kan dra nytte og lærdom av. Eg er ikkje særleg til fotograf, når bilde skal takast er eg mest opptatt av at motivet står stille og at eg er nokolunde stødig på hendene.



”Bildebehandlinga” har stort sett gått føre seg med delete-tasten på kameraet, men etter bildeleksjonen skjønnar eg faktisk at det kan handle om å ”forstå” det ein vil fotografere. Kva er det essensielle i det eg vil få fram? Kan eg nytte trejedelsregelen for å få motivet i fokus? Korleis kan lys vere med å ”farge” komposisjonen? Og…korleis kan ein gjere det beste ut av eit fotografi gjennom etterbehandling? Gjennom fargenyansar, til svart/kvitt, gjere klarare, skjere eller lage ramme…Spennande og moro!