Kvar går grensene? Kva er plagiat eller kopi av andre sitt arbeid? Kan ein seie at elevar som finn fram til digitale tekstar omkring emne som omhandlar eksakt det dei er på jakt etter er på kopijakt? Kan dei gjere om teksten til sin eigen, finne hald i utsagn frå fleire hald, frå sikre kjelder og byggje vidare på ein tekst funnen på nett- ja, så ligg det vel også ei god læring i det? Samstundes kan dei gjennom andre sine digitale tekstar få peikepinn på korleis ein god eller dårleg tekst kan formast. Kanskje er dette ei oppgåve for lærarar: vise korleis ein kan nyttiggjere seg andre sine arbeid?
Gjennom media har me høyrt at plagiat førekjem frå tid til anna i eksamensbesvarelsar. Det er trist for den enkelte elev/student, som etter endt skuletid/studie tek lettaste løysing kanskje nettopp fordi dei er usikre på eigen kompetanse.
Kan me som lærarar då sjå tilbake på ei vurderingsform som ikkje har fungert? Har elevane fått ei god oppfølgjing, klare kriteriar for kva som er plagiat og ikkje, gjort dei trygge nok på eigen ståstad og kunnskap? Rettleidd dei gjennom tilbakemeldingar om kva som er forventa, korleis og kvifor?
Har liten erfaring med dette utanom det som er lest og gjengitt frå andre, men kan godt forstå at det er eit problem for ungdomstrinn og vidaregåande. Men korleis gripe tak i det og korleis sile ut ser eg som viktig for å få ein fellesnemnar som plattform. Ein kan ikkje også her sitje på eige tue med ulik praksis, der elevar er prisgitt ståstad og lærar for kva som er tillatt og ikkje.
No har eg kome med ein del uttalar og stilt ein del spørsmål om eit emne som eg ikkje har vidare erfaringar eller kompetanse på, men det får stå til,... og kanskje nokon der "ute" kan opplysa meg?
Om meg
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar