Med tanke på eiga utvikling når det gjeld bruk av data som verktøy, så har eg kome frå nullstilling og i alle fall opp i kneståande dei siste åra. Det var med skrekkblanda fryd den første laptopen kom hendene; tida for spel og kabal var over. No skulle ho brukast, maskina! Gjennom studiar vart det tvingande nødvendig å hente leksjonar, levere oppgåver, skrive innlegg, sende og motta e-post, lagre og lage eit utal av mapper, halde kontakt med medstudentar og lærarar…, og ikkje minst forstå korleis ein kunne dra full nytte av tilhøyrande læringsplattform.
Det var spennande tider, læringa kom i mange former og plutseleg var skrekken gått over til automatiserte handlingar. Men ..framleis manglar den tekniske innsikta; korleis, kvifor og kor i all verda ligg fila eg lasta… doc, pdf, mp3 eller wmv?! Og kva med virus, kva kan/bør opnast og ikkje, ”blåskjerm” er nok alle studentars skrekk – arbeid kan bli tapt for oss vanlege brukarar, utan dei tekniske ferdigheitene for gjenoppretting. Noko som fører meg til tanken på at eg NO skal ta ein backup av dei siste månaders arbeid; ikkje lenger kopiere til cd, men til ekstern harddisk som er vorte fast fylgje. Denne så klart for å utvide kapasiteten og fordi det ”ligg i tida” som ein nødvendigheit for drevne brukarar av den digitale plattforma?
Om meg
lørdag 28. november 2009
Bilde
Bilde
Med smil les eg leksjonen om bilde! Her er mykje som eg kan dra nytte og lærdom av. Eg er ikkje særleg til fotograf, når bilde skal takast er eg mest opptatt av at motivet står stille og at eg er nokolunde stødig på hendene.
”Bildebehandlinga” har stort sett gått føre seg med delete-tasten på kameraet, men etter bildeleksjonen skjønnar eg faktisk at det kan handle om å ”forstå” det ein vil fotografere. Kva er det essensielle i det eg vil få fram? Kan eg nytte trejedelsregelen for å få motivet i fokus? Korleis kan lys vere med å ”farge” komposisjonen? Og…korleis kan ein gjere det beste ut av eit fotografi gjennom etterbehandling? Gjennom fargenyansar, til svart/kvitt, gjere klarare, skjere eller lage ramme…Spennande og moro!

Lyd
Å jobbe med suppe i tankane! Dette er ein god metafor, det gav meg knaggar til å hengje nyerfart kunnskap på!
Ser mange mogelegheiter til å arbeide med Audacity i fleire fag no, det opnar opp for mellom anna prøving av stemmebruk, korleis lese med innleving, presentere munnleg tekst og samansette tekstar. Einaste hinder ar at eg ikkje sjølv er trygg nok på bruken: her må meir øving til før eg kan setje i gang med elevar! Men med øving og ”suppeoppskrift i tankane”, altså ha eigna verktøy og opparbeidd ferdigheit…. Også når det gjeld lyd!

Hensyn
I arbeid med elevar som nyttar bilde i undervisningssamanheng, vert avbilda eller sjølve er fotografar, vert dette min hugseregel etter leksjonen om hensyn:
”Du har lov til å bruke eit kva som helst fotografisk bilde, til kva som helst, kor som helst, når som helst, så lenge du har tillatelse frå den som har opphavsretten til materialet og det ikkje er personvernhensyn som kan hindre slik bruk”.
I skulesamanheng er det lett å gløyme kven som har opphavsretten til bilde som vert brukte, men me tek hensyn til om avbilda personar kan gjenkjennast, eller kva den aktuelle bildesituasjonen speiglar. Slik sett held me oss innanfor rammene Åndsverklova gir. Ved å nytte eigenprodusert stoff, få godkjenning frå elevar (over 15 år) og foreldre til å nytte bilde der elevar er avbilda, meiner eg me sikrar både personvern og opphavsrett. Kjedeleg kanskje, men lettaste vegen ut….

Rekneark
Rekneark
Også dette eit felt som eg har liten erfaring med, men som vart til ei positiv oppleving når eg endeleg forsto at det står eller fell på rett formelløysing! Å sjå rekneark i forhald til fag på sida av matte er ny tenking for meg. Såg mogelegheiter opne seg etter kvart som eg las leksjonen, og fatta spesielt interesse for oppsettet på gloseprøve. Eg prøvde og feila eit utal gonger også med oppskrift punkt for punkt, men med ekstra hjelp kom formlane på rett stad og erfarte at øving kan gjere meister! Frå gloseprøve gjekk tankane til korleis ein kan nytte rekneark til å omfatte også andre øvingsoppgåver for elevane. Me held stadig på med å ”terpe” fleirtalsendingar i engelsk, så kvifor ikkje setje det i system gjennom rekneark? Ser at dette kan utvidast til mange fag og område, her er det kun mangel på tid og fantasien som set grenser.
Når studiet er over og oppgåvegrubling ikkje lenger tek all tankeverksemd, så kan det ”leikast” og utarbeidast nye arbeidsmåtar med rekneark.

mandag 9. november 2009
Digitale tekstar, kopiar eller eigenproduserte?
Kvar går grensene? Kva er plagiat eller kopi av andre sitt arbeid? Kan ein seie at elevar som finn fram til digitale tekstar omkring emne som omhandlar eksakt det dei er på jakt etter er på kopijakt? Kan dei gjere om teksten til sin eigen, finne hald i utsagn frå fleire hald, frå sikre kjelder og byggje vidare på ein tekst funnen på nett- ja, så ligg det vel også ei god læring i det? Samstundes kan dei gjennom andre sine digitale tekstar få peikepinn på korleis ein god eller dårleg tekst kan formast. Kanskje er dette ei oppgåve for lærarar: vise korleis ein kan nyttiggjere seg andre sine arbeid?
Gjennom media har me høyrt at plagiat førekjem frå tid til anna i eksamensbesvarelsar. Det er trist for den enkelte elev/student, som etter endt skuletid/studie tek lettaste løysing kanskje nettopp fordi dei er usikre på eigen kompetanse.
Kan me som lærarar då sjå tilbake på ei vurderingsform som ikkje har fungert? Har elevane fått ei god oppfølgjing, klare kriteriar for kva som er plagiat og ikkje, gjort dei trygge nok på eigen ståstad og kunnskap? Rettleidd dei gjennom tilbakemeldingar om kva som er forventa, korleis og kvifor?
Har liten erfaring med dette utanom det som er lest og gjengitt frå andre, men kan godt forstå at det er eit problem for ungdomstrinn og vidaregåande. Men korleis gripe tak i det og korleis sile ut ser eg som viktig for å få ein fellesnemnar som plattform. Ein kan ikkje også her sitje på eige tue med ulik praksis, der elevar er prisgitt ståstad og lærar for kva som er tillatt og ikkje.
No har eg kome med ein del uttalar og stilt ein del spørsmål om eit emne som eg ikkje har vidare erfaringar eller kompetanse på, men det får stå til,... og kanskje nokon der "ute" kan opplysa meg?

Abonner på:
Innlegg (Atom)