lørdag 28. november 2009

Digital plattform

Med tanke på eiga utvikling når det gjeld bruk av data som verktøy, så har eg kome frå nullstilling og i alle fall opp i kneståande dei siste åra. Det var med skrekkblanda fryd den første laptopen kom hendene; tida for spel og kabal var over. No skulle ho brukast, maskina! Gjennom studiar vart det tvingande nødvendig å hente leksjonar, levere oppgåver, skrive innlegg, sende og motta e-post, lagre og lage eit utal av mapper, halde kontakt med medstudentar og lærarar…, og ikkje minst forstå korleis ein kunne dra full nytte av tilhøyrande læringsplattform.

Det var spennande tider, læringa kom i mange former og plutseleg var skrekken gått over til automatiserte handlingar. Men ..framleis manglar den tekniske innsikta; korleis, kvifor og kor i all verda ligg fila eg lasta… doc, pdf, mp3 eller wmv?! Og kva med virus, kva kan/bør opnast og ikkje, ”blåskjerm” er nok alle studentars skrekk – arbeid kan bli tapt for oss vanlege brukarar, utan dei tekniske ferdigheitene for gjenoppretting. Noko som fører meg til tanken på at eg NO skal ta ein backup av dei siste månaders arbeid; ikkje lenger kopiere til cd, men til ekstern harddisk som er vorte fast fylgje. Denne så klart for å utvide kapasiteten og fordi det ”ligg i tida” som ein nødvendigheit for drevne brukarar av den digitale plattforma?

1 kommentar:

  1. Artig å lese bloggen din, og kjenne seg godt igjen! Som rektor har eg dei siste åra fått ei rekke dataprogram å forhalde meg til, for arkivering, budsjettarbeid, rekneskap, avviksmelding for å nemne nokre. For meg har det vore nok å meistre desse, og bruk av digitale verkty i undervisninga, og tilrettelegging for dette, har desverre hatt eit lågare fokus.No kjem det sjølvsagt inn faktorar som økonomi og digitalt fokus hos lærarane, men her skal eg ikkje fråskrive meg all skuld ; )! Dette studiet er verkeleg utviklande både for meg (og skulen min), og eg ser fram til våren og meir input! Truleg kjem vi oss frå kneståande til "cowboy" (breibeint og stødig, men med litt kniks i knea), og kan "fyre laus" med ladd digital kompetanse!

    SvarSlett