lørdag 28. november 2009

Rekneark

Rekneark

Også dette eit felt som eg har liten erfaring med, men som vart til ei positiv oppleving når eg endeleg forsto at det står eller fell på rett formelløysing! Å sjå rekneark i forhald til fag på sida av matte er ny tenking for meg. Såg mogelegheiter opne seg etter kvart som eg las leksjonen, og fatta spesielt interesse for oppsettet på gloseprøve. Eg prøvde og feila eit utal gonger også med oppskrift punkt for punkt, men med ekstra hjelp kom formlane på rett stad og erfarte at øving kan gjere meister! Frå gloseprøve gjekk tankane til korleis ein kan nytte rekneark til å omfatte også andre øvingsoppgåver for elevane. Me held stadig på med å ”terpe” fleirtalsendingar i engelsk, så kvifor ikkje setje det i system gjennom rekneark? Ser at dette kan utvidast til mange fag og område, her er det kun mangel på tid og fantasien som set grenser.
Når studiet er over og oppgåvegrubling ikkje lenger tek all tankeverksemd, så kan det ”leikast” og utarbeidast nye arbeidsmåtar med rekneark.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar