søndag 25. april 2010

Digital arena


Skilnad eller før og no?


For ikkje mange år (ca 25?) sidan sat min no godt vaksne nevø med ein koloss av ei datamaskin framfor seg, han strålte frå øyre til øyre! Dette var sakene sine, så lett alt skulle bli no, du! Han lurte lenge på korleis han best kunne nyttiggjere seg dette vidunderet. Kva kunne ho brukast til, maskina? Ja, han kunne no skrive lekser der, men dei måtte han for så vidt skrive for hand inn i skrivebøker etterpå, så det vart litt dobbeltarbeid. Men han var ikkje rådlaus, han fann svar; løysing på heile familien sitt svære arbeid med å skrive handlelister! Dette var hans og mitt første møte med ”data-alderen”. Så eg seier med Alf Prøysen : ”det var før det, å itte nå!”.

Frå den gong til no har prosessen for så vidt gått fort, frå ei forsiktig tilnærming i skulen til krav i læreplanen om digital kompetanse.

Sjølv fekk eg god kjennskap til dette verktøyet gjennom studiet på lærarutdanninga. Stolt arbeidde eg meg gjennom oppgåver der mange leksjonar var henta frå nett, leveringar, kommentarar og samarbeid var alt nettbaserte. Eg synest eg var nokolunde dugande og digitalt kompetent! Men så starta eg på DKL dette undervisningsåret…

Det har vore svært lærerikt, det har vore svært strevsomt, det har skapt frustrasjon og det har skapt glede over ny kunnskap! Men mest av alt har det lært meg at det meste av læringa ligg framfor meg! Det handlar om å våge, laste ned, prøve ut og overføre til undervisning og elevar! Spennande!

Frå arbeid med elevar ser eg at dei er ivrige når ein kan jobbe digitalt. Det gir ein ekstra glød i arbeidsøktene og varierande arbeidsformer er absolutt ”in”. Dei kan så mykje, dei vågar alt og har slett ikkje ordtørke med tastaturet slik som med blyant og papir. Det skjønnar eg godt, den gamle ”rettetasten” har verkeleg kome til sin rett! Dei kan samskrive, dei hentar stoff, dei legg inn bilde og dei klypper og limer. Dei treng rettleiing i bruk av digitale verktøy med tanke på å kunne forhalde seg kritisk til søkjing, og til å kunne nyttiggjere seg informasjon og gjere han til sitt eige. Det er eit ansvar me lærarar må ha kompetanse til å lære dei, det må øvast opp frå dei yngste klassestega.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar