søndag 25. april 2010

Informasjonskompetanse

Informasjon og Netvibes


Informasjon – jadå. Nav – tja, trur det. RSS – nei, inga aning! Har då sett desse bokstavane fleire stadar, men tenkt som så at det får dei forhalde seg til dei som kan. Men no er situasjonen endra: Så endeleg har eg fått ei viss forståing av kva RSS står for! Rich Site Summary! Å kunne tileigna seg fortløpande oppdatert informasjon er nyttig for både elevar og lærarar. Ahh… det er det det er, ja! Supert!

Gjennom arbeid med M3 ser eg verkeleg nytteverdien av informasjonsnavet Netvibes, der kan ein la elevar navigere seg gjennom sider ein har klargjort i emne det vert arbeidd med. Ei elev- og lærarstyrt søking på nett etter passande stoff.



Å finne informasjon på nett er både lett og vanskeleg; det er enkelt når ein får seriøse treff , men det kan vere like enkelt å gå seg vill gjennom useriøse sider. Det handlar mykje om å rettleie elevar i gang med gode søkjestrategiar, og gjennom guiding gje dei forståing av korleis dei kan opparbeide seg ei kritisk haldning til det dei finn. I eit informasjonsnav som Netvibes kan ein samle informasjon og gjennom ulike lenkjer gjere søkjeprosessen mykje enklare.

Dette var ein svært lærerik og nyttig leksjon, arbeidet med mappeoppgåva gav innsikt i bruk av Netvibes og oppgåvelyden gjorde at ein kan sjå korleis ein kan setje dette ut i praksis!

3 kommentarer:

  1. Litt artig at du meiner RRS står for Rich Site Summary, AK. Kva står då RSS for?

    SvarSlett
  2. Tja... det må då vel kanskje vere Riktig Surrete Student? Godt med oppegåande medstudentars årvåkne blikk og respons!

    SvarSlett
  3. Klart ikkje halde att, måtte inn å rette opp!

    SvarSlett